08.11.2019
Vågsøy kommune, ved ordførar Kristin Maurstad og Odd Henning Svoren, møtte i dag deler av valgfalgklassa teknologi- og forskingslære i 9. klasse. Dei skal delta i First Lego League i morgon, med prosjektet «Måløy Pit Stop». Dei jobbar med forslag til ny bussterminal for elevar og andre. Timinga er perfekt, sidan kommunen i desse dagar set i gong prosjekt for akkurat dette. Elevane kjem med mange gode innspel, og skal få vere med vidare i prosessen.
Vi ønsker lykke til i konkurransen i morgon!