Røldal Masters har arbeidd med ein "kunst-installasjon" som er tenkt plassert i det nye vegkrysset på Liamyrane når den nye Røldalstunnellen er på plass. Dei har
valt å lage den som ein bergkrystall som skal ha eit hologram inni. Hologrammet skal vera av stavkyrkja. Målet er å få forbipasserande interesserte og oppmerksomme på kyrkja og kulturen/historia til bygda, og å få fleire turistar til å svinge nedom når den nye vegen kjem. Dei har forsøkt seg på og utforska litt kring hologram, og blant anna laga ein modell i pleksiglas som skal vera prototype for prosjektet. Dei håpar at vegvesenet likar ideen og at den kan koma med i planarbeidet no i sluttfasen før vegarbeidet tek til neste år.