Røldal Shower Power

 

Her er eit bilete av gjengen vår. Me er 8.-9.- og 10. klasse ved Røldal skule.

Me har funne opp ei ny dusj-løysing i det innovative prosjektet vårt, som me håpar skal kunna redusere behov for oppvarming av varmtvatn, ved at me lar brukt dusjvatn gå i sirkulasjon via eit reinsefilter. Me tenkjer at det er godt å kunna stå litt lengre i dusjen med god samvittighet no når straumen er blitt så dyr.

 

Me har jobba godt i lag og har stort sett hatt det kjekt når me har jobba med prosjektet. Nokre opp og ned-turar har det vore, men det høyrer med. No gledar me oss til finalen.